Grunna krav frå idrettsforbundet vil medlemsregistreringa bli lagt om frå 2015.

Alle som deltek på aktivitetar i idrettslaget, skal betala medlemsavgift. Dette er forutsetjing for å vera omfatta av forsikringar som trer inn i tilfelle skader. Medlemsskapet er og grunnlag for støtte og tilskot frå Luster kommune og idrettskretsen

Med gyldig medlemskort får du 15 % avslag på kjøp av varer på Sport1 i Gaupne (rettleiande prisar)

Idrettsforbundet krev no digital medlemsregistrering.  Hafslo idrettslag må derfor leggja om medlemsverving og medlemsregistrering.  Dette er eit større arbeid som vert utført med grunnlag i medlemslista frå 2014. Dei som ikkje betalte medlemsskap for 2014, vil bli registrerte i medlemsregisteret ved innsending av informasjon

Medlemslistene må no innehalda meir informasjon enn tidlegare.  For å fullføra arbeidet ber me dykk senda inn informasjon om :

Fullt namn
Adresse
Fødselsdata
(Gjeld alle)
Epostadresse
Når det gjeld familiemedlemsskap, kan ein velja å ha ei felles epostadresse for alle i familien
Telefonnummer Type medlemsskap
(familiemedlemsskap,  einskild eller pensjonist)
Døme
Per Persen
Liavegen 2
6869 Hafslo
13.12.1964 Per.persen@online.no 57682222
98989898
Einskildmedlem

Send informasjon vedr  medlemsregistreringa til: erna.hamrum@sfj.no
eller i brev til : Erna Hamrum, Klokkesteinvegen 47, 6869 Hafslo,  snarast.  

Etter at den nye ordninga er aktivisert, vil det bli sendt innbetalingskrav på epost (eller i brev til dei som ikkje har epost).  Ved framlegging av kvittering for betalt medlemsskap vil ein få medlemskort på Sport1 i Gaupne.  For dei som allereie har fått slikt medlemskort, vil Sport1 skifta oblat for kvart år  ved framvisning av betalt medlemsskap

Pris for medlemsskap:

Kr 200 for einskildmedlem

Kr 600 for husstandsmedlemsskap

Kr 100 for pensjonistar