Etter over eitt års planlegging, klarte Hafslo G2002 (G13) å få til turneringsdeltaking for alle Hafslo G13-spelarane, supplert med nokre G12-spelarar forrige helg i Danmark. Alle G13-spelarane og 9 familiar representerte Hafslo IL under turneringa, 43 personar totalt! Alle familiane kombinerte turneringsdeltakinga med ferietur til Danmark sommaren 2015!

Vildbjerg Cup 2015 er den fjerde største fotballturneringa for ungdomslag i Europa med ca 740 deltakande lag i alderen 7-17 år, og over 10.000 spelarar! Saman med trenarar, leiarar og foreldre er det over 20.000 personar involvert i turneringa i Vildbjerg som varte frå torsdag 30.juli til søndag 2.august.

Familiane frå Hafslo hadde base i Søndervig, ca 4 mil frå Vildbjerg. Onsdag ettermiddag hadde alle kome fram til Søndervig, og vi hadde opplading med felles middag for 43 personar frå Hafslo på Valentino i Søndervig onsdag kveld! Kjempekjekk og sosial samling for alle! Dagane før turneringa bydde også på besøk til Legoland for nokon, og bading i Vesterhavet for andre!

IMG_8430

Torsdag 30.juli opna turneringa med felles innmarsj for alle lag gjennom Vildbjerg sentrum til Vildbjerg stadion! Ei stor og stolt oppleving for spelarane og alle frå Hafslo, der vi heva både Hafslo-flagget og det norske flagget høgt!  Torsdag ettermiddag spelte Hafslo G13 sin første kamp i innleiande runde mot Vikingur frå Færøyane. Det vart dessverre tap 1-5, men likevel mykje positivt frå 2.omgang (Vikingur vann forresten til slutt finalen i B-sluttspelet).

IMG_8501

IMG_8519

IMG_5675

Fredag 31.juli spelte Hafslo G13 to nye innleiande kampar. Det vart klart tap mot  BFC Lundegården frå Danmark 0-5, men uavgjort 1-1 mot IF Hornum frå Danmark som tidlegare hadde slått Vikingur 1-0. Siste kampen i innleiande runde ga signal om at noko stort var på gong!

IMG_5765

Etter siste plass i pulja, vart det B-sluttspel for Hafslo G13, og ingen hadde store forventningar før B-sluttspelet og 1/8-dels finalen på laurdag. Men B-sluttspelet vart verkeleg eit eventyr for Hafslo-gutane! Laurdag ettermiddag vann gutane 2-1 i ein dramatisk mot Sola FK frå Norge i 1/8-dels finalen, og eit par timar seinare vart det 1-1 mot norske Mastra i kvartfinalen, der Hafslo fortent gjekk vidare på flest hjørnespark! Dermed hadde det umoglege skjedd, og etter fantastisk innsats var Hafslo plutseleg klar for semifinale i B-sluttspelet søndag morgon!

IMG_5837

IMG_5983

Søndag morgon var det klart for semifinale mot FK Autara/Kedainiai frå Litauen. Etter ei nervøs åpning tok Hafslo over kampen, men klarte ikkje å omsette sjansane sine i mål. I stadenfor scora laget frå Litauen to gongar og Hafslo tapte semifinalen 0-2. Dermed var cupeventyret over!

Det vart dessverre ikkje pokal, men totalt sett var dette ein kjempeprestasjon, der Hafslo var med til siste dag av turneringa! Og ikkje minst ei FANTASTISK oppleving for alle involverte! Flott ver, gode grasbaner, fantastiske prestasjonar av G13-gutane og engasjerte foreldre, gjer sitt til at alle frå Hafslo som var i Danmark sit att med minner som aldri blir gløymt frå Vildbjerg Cup 2015! Takk for innsatsen til trenar Tommy og spelarane Simon A., Sondre, Simon S., Kjartan, Vegard, Per Michael, Jonas, Harald, Pål, Markus og Isak for innsatsen! Og takk til alle foreldre og søsken for at Hafslo IL hadde dei mest høgrøysta og beste supporterane under årets Vildbjerg Cup! Og vi fekk stadfesta ein ting: Det er dejlig å vere norsk i Danmark!

IMG_5924